Tabu

Tabu er ei gruppe unge menneske som likar å ha det gøy i lag. Vi samlast 4 gonger i året for å høyre gode nyhende om Jesus. Vi snakkar om det som er kjekt og om det som er vanskeleg, om ting vi er glade for og om ting vi er lei oss for. Vi syng også songar i lag om han som elskar alle og som har gått i døden for alle menneske! Nemleg Jesus! På Tabu får du høyra meir om han som elskar DEG!

Dersom du er tenåring, bur i Sunnfjord eller Nordfjord (eller andre stader), og likar å ha det gøy, bør du absolutt sjekke ut Tabu. Ikkje berre får du høyre om Jesus, men vi har det også veldig gøy i lag. Vi spelar spel, har konkurransar, leikar og mange andre kjekke aktivitetar. 4 helger i året samlast vi på forskjellige stader i Sunnfjord og Nordfjord, der vi har varierande aktivitetar alt etter kva årstid samlinga er, og etter kvar vi er. Aktivitetar som kan nemnast er vasski, paintball, aking, bortover-ski, nedover-ski, bowling, fisketurar, bading og mykje mykje meir. Så dersom du likar å ha det gøy (noko dei fleste likar), er nysgjerrig på kven Jesus er, og likar å vera med andre på din eigen alder er det bere ein ting å seie:

BLI MED PÅ TABU!!!

 

På høgre side fin du lenker der du kan finne ut når neste Tabu-samling er, og ikkje minst sjå bildet frå tidlegare Tabu-samlingar. Ta gjerne kontakt dersom det er noko du lurer på. 

Fjordane område av Region Vest

Postboks 342 Besøksadresse:
6801 Førde Fjellveien 10, 2. etg
  (vis a vis Fjordane tingrett)