Konfirmasjonsundervisning

INVITASJON TIL KONFIRMASJON I SUNNFJORD 2019/20
.
Vi inviterer deg som er konfirmant våren 2020 til å delta på konfirmantundervisning i regi av Sunnfjord misjonsforsamling (NLM) og Bygstad Indremisjon (ImF).
Konfirmantopplegget er eit fullverdig opplegg med konfirmasjonsgudstjeneste på Skilbrei ungdomssenter, men kan og vere eit tillegg til konfirmasjonen i Den norske kyrkja, slik at du kan delta begge stader, men ha sjølve konfirmasjonsdagen i di lokale kyrkje.
VISJON for konfirmantarbeidet
I samsvar med Guds ord skal vi døype borna våre og ”lære dei å halda” slik Jesus uttrykkjer det i Matt.28:18-20. Difor er visjonen vår at konfirmanten får møte Den treeinige Gud og bli betre kjend med Han i løpet av konfirmasjonstida. Vi ynskjer og at konfirmanten skal oppleve å bli inkludert i det kristne fellesskapet og få hjelp til eit personleg frigjort kristenliv.
Tema for undervisninga
I undervisninga har vi klare mål for læringa (sjå under),og samtidig ønsker vi at konfirmanten får møte eit levande ord og ein levande Herre og Frelsar: De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. 2. Pet 3,18
- Konfirmantsamlingane
Samlingane er lagt til annankvar tysdag (i all hovudsak) frå klokka 18.45-20.30. Underivninga foregår i Bygstad bedehus. Tidspunktet er tilpassa bussrute frå Førde. Konfirmanten skal ha med seg Bibel samt permen som blir delt ut på første samling, til kvar samling.
- Konfirmantweekend
Konfirmantane vil bli oppmoda til å delta på TABU og CROSSROAD som er ungdomsleirar i regi av NLM og IMF. Her vil dei treffe andre kristne ungdommar i Sunnfjord og bli ein del av eit større kristent fellesskap. I løpet av våren reiser konfirmantane og leiarane på konfirmantweekend til Bergen.
- Oppgåver i konfirmanttida
Konfirmantane vil få tenester på 4 søndagsmøter (2 om hausten og 2 om våren) arrangert enten på Skilbrei eller i Bygstad. Dette kan f.eks. være skriftlesing, vitnesbyrd, forsongar, teknikk (lyd/tekst), praktisk arbeid, barneopplegg m.m. Om den einskilde konfirmant til vanleg deltek på kristne møter ein annan stad enn på Skilbrei eller i Bygstad, vil vi legge til rette for at konfirmanten kan utføre oppgåvene sine lokalt.
- Kostnader
Det kostar 1500kr å delta på Konfirmant i Sunnfjord. I tillegg vil konfirmantweekenden ha en eigenandel på ca. 500kr. TABU og CROSSROAD er ikkje inkludert i avgifta og kostar ca. 500kr pr. leir. Deltakinga på TABU og CROSSROAD er frivillig.
- Presentasjon av konfirmantaneKonfirmantane vil bli presentert på eit av søndagsmøta på Skilbrei og Bygstad bedehus i løpet av hausten. Vi kjem attende med dato. Påmelding og spørsmål sendes til: Nils Helge Friborg nhfriborg@gmail.com innan 5.6.2019
Undervisningsplan for Konfirmant i Sunnfjord
2019/2020
Dato |
Klokka |
Tema |
Leder |
Stad |
3. september |
18.45 – 20.30 |
Oppstart og bli kjent |
Trond, Linda og Runhild |
Bygstad |
17. september |
18.45 – 20.30 |
Kven er Gud? |
Linda |
Bygstad |
1. oktober |
18.45 – 20.30 |
Bibelen – Guds ord |
Runhild |
Bygstad |
15. oktober |
18.45 – 20.30 |
Kven er Jesus? |
Trond |
Bygstad |
29. oktober |
18.45 – 20.30 |
Kven er Den Heilage Ande? |
Linda |
Bygstad |
15. – 17. november |
TABU |
|
|
Skilbrei |
26. november |
18.45 – 20.30 |
Skapinga og syndefallet |
Runhild |
Bygstad |
10. desember |
18.45 – 20.30 |
Kven er eg? |
Trond |
Bygstad |
14. januar |
18.45 – 20.30 |
Trua |
Runhild |
Bygstad |
28. januar |
18.45 – 20.30 |
Bøna |
Linda |
Bygstad |
14. – 17. februar
|
COSSROAD |
|
|
Lyngmo |
25. februar |
18.45 – 20.30 |
Dåp og nattverd |
Trond |
Bygstad |
10. mars |
18.45-20.30 |
Kva med kyrkjelyden |
Runhild |
Bygstad |
27.-29 mars |
Konfweekend |
Å leve for Gud |
Trond, Linda og Runhild |
Bergen |
14. april |
18.45 – 20.30 |
Eit himmelsk håp |
Linda |
Bygstad |
12. mai |
18.45 – 20.30 |
Repetisjon og førebuing |
Trond, Linda og Runhild |
Skilbrei |
24.mai |
11.00 |
Konfirmasjon |
Trond, Linda og Runhild |
Skilbrei |